Innhaldsrik halvpart av 2-mannsbustad med 4 soverom på ei tomt som gir deg plass til privatliv, utan det vedlikehaldet som følger med ein eldre einebustad. Iden byggefelt har ei perfekt plassering berre nokre hundre meter frå skulen, den kommunale barnehagen og idrettsanlegget.
Om nabolaget
Plassering
Det er den gamle idrettsplassen med kallenamnet Iden som no er regulert til bustadføremål. I tidlegare tider har området vore nytta til mellom anna idrettsaktivitetar, utstillingar og plattingdans. 2-mannsbustadane skal førast opp på dei siste ledige tomtene i feltet, dei andre bustadane er ferdige og overtatt av kjøparane. Midt i feltet er det opparbeidd ein stor leikeplass med god plass for mange forskjellige aktivitetar. Her er det plassert rasteplassbenkar, leikeapparat, sandkasse og dissestativ, og har blitt ein fin samlingsplass for både store og små.
Gangavstand til sentrum
Det er gangavstand til Sjøholt sentrum som har eit svært breitt og variert servicetilbod. Kulturhus, kafè, treningssenter, lege, tannlege, bank og fleire daglegvarebutikkar med meir. Her er også småbåthavn, populære badestrender og mange turstiar i nærområdet. Ørskogfjellet er berre 10 minutt unna, og byr på fjellturar for ein kvar smak, og med fantastiske skiforhold om vinteren. Sjøholt er ei naturperle, og sentrum ligg omkransa av spektakulære fjell og med ei mektig utsikt utover Storfjorden. Heile året byr området rundt Sjøholt på rekreasjon og opplevingar i storslått og variert natur.
Adkomst
Køyr E136 til Sjøholt sentrum. Ta av ved Stopp 69, og køyr vidare mot idrettsanlegg og Sjøholt skule. Følg så Prestegardsvegen forbi skulen, ta av ved Idenvegen, og køyr denne vegen til endes til du ser det nye byggefeltet på venstre side av vegen. Dei nye 2-mannsbustadane skal førast opp heilt øvst i feltet.