Hopp til hovedinnhold
1 / 0

4-mannsbustad Haugen Eidsvika

6264, Tennfjord
Pris frakr 3 650 000

Prisantydning

Fra 3 645 000 kr

Totalpris

Fra 3 659 585 kr

Bruksareal

86 - 88 m²

Soverom

2

Boligtype

Leilighet

Eieform

Selveier
Jofrid Hatlehol
Prosjektet bygges av

Møre Hus AS

Møre Hus AS vart etablert i 1997 og er ein byggentreprenør som har hovudfokus på å byggje Systemhus på Sunnmøre. Selskapet har ein imponerande portefølje frå enkle og praktiske småhus/leilegheiter til storslåtte og detaljrike villaer.

Gå til forhandlersiden

Lekre og moderne leilegheiter med alt på ei flate

Mellom blå fjord og grøne markar skal det etter kvart byggast fire ny bustader med til saman 16 leilegheiter. Det nye bustadområdet Haugen ligg i tilknyting til eit allereie etablert bustadområde, og har flott utsikt mot nærområdet, fjella og Grytafjorden. Her er det solrikt og landleg, samtidig som det er kort avstand til det meste. Her blir det kjempefine, praktiske leilegheiter over eit plan med panoramautsikt mot fjorden og fjellheimen.

Grunn- og betongarbeid er allereie i gang på første bustaden, og planlagt oppstart av trearbeid i første del av februar. Dette er store og praktiske leilegheiter med alt på eit plan som inneheld stue/kjøkken, to soverom, entre/gang, bod og bad/vaskerom. Kvar leilegheit har ein parkeringsplass i carport, og separat sportbod i carport.

Lys og fin stue med nydelig utsikt mot fjorden

Leilegheitene har utgang frå stue til balkong/terrasse. Balkongane til leilegheitene i 1. etasje vert bygd med tredekke og rekkverk. Terrassedekket er tett slik at leilegheitene i underetasjen får overbygg/tak over sin terrassedel.

Leilegheitene kan leverast heilt eller delvis klar for innflytting mot avtalt tillegg. Ta kontakt for informasjon om prisar. Kjøpar vil sjølv kunne velje standard på veggar og golv, og om ønskjeleg velje anna kjøkken- og baderomsinnreiing enn den som er med i leveransen.

Fordelar ved kjøp av heilt ny leilegheit

Det er mange fordelar med å kjøpe ny leilegheit kontra det å kjøpe brukt, og tenk på den gode følelsen av å flytte inn i ei splitter ny leilegheit som ingen har budd i før.

  • Alt er nytt, ikkje behov for oppussing på mange år
  • Meir energieffektiv bustad, lave kostnader til oppvarming
  • Lave kostnader til vedlikehald
  • Moglegheit til å påverke utforming og innreiing
  • Tidsriktig og praktisk bustad
  • Eit sikrare kjøp, garantitid om feil oppstår
  • Du slepp hektiske budrundar
  • Du kan vurdere i fred og ro, og kjøpe til fast pris
  • God tid til å førebu flytting
  • Lave kjøpskostnadar, berre omkostningar til tinglysing av skøyte på kr 14 585,- kjem i tillegg


Les mer om prosjektet her