Hopp til hovedinnhold

2-mannsbustad Fagerbakken Vestnes

Fagerlivegen 6390 Vestnes
På ei solrik utsiktstomt i Fagerlivegen på Vestnes har vi for sal to leilegheiter i ein kjempefin vertikaldelt 2-mannsbustad. Bustaden skal førast opp på ei særs flott tomt i eit roleg og etablert bustadområde, og vil få nydeleg utsikt mot Leirvikbukta og Vestnes sentrum.
Ferdig planlagt
Planlegging
Ligg ute for sal
Salgsstart
Bygging vert starta opp ved sal av ei leilegheit
Byggestart
Etter avtale med kjøpar
Overtakelse
1 / 0

Enheter

2

Bruksareal (BRA)

120.3

Pris

4 590 000 kr

Boligtype

Tomannsbolig, Eier (Selveier)

Eierform

Selveier

Om prosjektet

Kjempefine leilegheiter i 2-mannsbustad på særdeles flott tomt i Fagerlivegen på Vestnes. Bustaden skal førast opp i eit roleg og idyllisk bustadområde med gode solforhold, og vil få nydeleg utsikt mot Leirvikbukta og Vestnes sentrum.

Leilegheitene er innhaldsrike og går over to plan. Dei har ein tiltalande fasade med fine, lave vindauge på stua slik utsikta verkeleg kjem til sin rett. Ei open løysing mellom stue og kjøkkenet gir ein fin og ekstra god romfølelse. Med utgang frå kjøkken har du ein hyggeleg balkong der du kan slappe av og trekke inn den friske lufta, perfekt når ein ønskjer å nyte fine dagar med ein kopp kaffi og ei god bok.

Med soverom og bad i begge etasjar er det skapt ei funksjonell inndeling til dømes for dei som har ungdomar i hus. Med fire soverom er her rom for å forme bustaden etter det som passar deg og dine behov. Om du ikkje har behov for alle soveromma kan til dømes det største soverommet nede nyttast til TV-stue, eller kanskje kan soverommet oppe fungere som heimekontor, hobbyrom eller gjesterom. Dersom du er i ein situasjon der dei fleste har flytta ut vil du ha stor nok plass til å ta i mot besøk av familie og barnebarn.

Enheter til salgs i 2-mannsbustad Fagerbakken Vestnes

Bygg 1 leil. 1422120.3 4 590 000 kr
Bygg 1 leil. 2422120.3 4 590 000 kr
1 / 0

Om nabolaget

Sentral plassering med gangavstand til Vestnes sentrum som har eit breidt og variert servicetilbod. Barnehage, barne- og ungdomsskule, idrettsanlegg, kulturhus, treningssenter m.m. ligg også i gangavstand.

Vestnes kommune ligg midt i fylket med kort avstand til Molde, Ålesund og Åndalsnes. Den nye Tresfjordbrua gjer kommunen enda meir attraktiv i bu i enn nokon gong.

Vestnes har eit flott fjordlandskap med gode vikår for friluftsliv. Ein variert natur gir gode føresetnader for ulike aktivitetar for alle. Vestnes kommune er kjent for eit veldig godt og aktivt idretts- og kulturmiljø. Kommunen er omkransa av vide skogar med idylliske sætrar og gamle skogsvegar, snaufjell og toppar med vidt utsyn.

Kontakt oss

Jofrid Hatlehol
Jofrid Hatlehol
Jofrid Hatlehol

Om utbygger

Møre Hus AS

Møre Hus AS vart etablert i 1997 og er ein byggentreprenør som har hovudfokus på å byggje Systemhus på Sunnmøre. Selskapet har ein imponerande portefølje frå enkle og praktiske småhus/leilegheiter til storslåtte og detaljrike villaer.

Gå til forhandlersiden

Meld interesse

Din kontaktinformasjon

Din melding

Ved å sende inn skjema opprettes det en brukerprofil på systemhus.no, og dine opplysninger lagres i vår digitale løsning. Utfyllende informasjon om behandlingen og hvordan du kan slette din profil finner du i vår personvernerklæring. Systemhus vil sende deg nyhetsbrev basert på ditt kundeforhold hos oss. Dersom du ønsker å reservere deg mot nyhetsbrev, gjør du det enkelt ved å krysse av nedenfor.