Hopp til hovedinnhold
1 / 0

Fagerbakken Vestnes - Kjempefine 5-roms eierleilegheiter i roleg bustadområde

Fagerlivegen 6390 Vestnes
Pris fra
4 590 000 kr
Omkostninger
18 545 kr
Totalpris
4 608 545 kr
Jofrid Hatlehol
Jofrid Hatlehol
Jofrid Hatlehol
Prosjektet bygges av

Møre Hus AS

Møre Hus AS vart etablert i 1997 og er ein byggentreprenør som har hovudfokus på å byggje Systemhus på Sunnmøre. Selskapet har ein imponerande portefølje frå enkle og praktiske småhus/leilegheiter til storslåtte og detaljrike villaer.

Gå til forhandlersiden
På ei solrik utsiktstomt i Fagerlivegen på Vestnes har vi for sal to leilegheiter i ein kjempefin vertikaldelt 2-mannsbustad. Bustaden skal førast opp på ei særs flott tomt i eit roleg og etablert bustadområde, og vil få nydeleg utsikt mot Leirvikbukta og Vestnes sentrum.

Prosjektfase

Ferdig planlagt
Planlegging
Ligg ute for sal
Salgsstart
Bygging vert starta opp ved sal av ei leilegheit
Byggestart
Etter avtale med kjøpar
Overtakelse

Nøkkelinfo

Boligtype

Tomannsbolig

Eierform

Selveier

Soverom

4

Bad

2

Rom

5

Etasjer

2

Bruksareal

120.3 m² (BRA)

Internt bruksareal

120.3 m² (BRA-i)

Terrasse/balkong

13 m² (TBA)

Fasiliteter

  • Balkong/Terrasse
  • Utsikt
  • Turterreng
  • Innlagt strøm
  • Innlagt vann
  • Offentlig vann/kloakk
  • Bilvei frem

Leilegheitene er innhaldsrike og går over to plan, og har ein tiltalande fasade med fine, lave vindauge på stua slik utsikta verkeleg kjem til sin rett. Ei open løysing mellom stue og kjøkkenet gir ein fin og ekstra god romfølelse. Med utgang frå kjøkken har du ein hyggeleg balkong der du kan slappe av og trekke inn den friske lufta, perfekt når ein ønskjer å nyte fine dagar med ein kopp kaffi og ei god bok.

Med soverom og bad i begge etasjar er det skapt ei funksjonell inndeling til dømes for dei som har ungdomar i hus. Med fire soverom er her rom for å forme bustaden etter det som passar deg og dine behov. Om du ikkje har behov for alle soveromma kan til dømes det største soverommet nede nyttast til TV-stue, eller kanskje kan soverommet oppe fungere som heimekontor, hobbyrom eller gjesterom. Dersom du er i ein situasjon der dei fleste har flytta ut vil du ha stor nok plass til å ta i mot besøk av familie og barnebarn.

Om nabolaget

Sentral plassering med gangavstand til Vestnes sentrum som har eit breidt og variert servicetilbod. Barnehage, barne- og ungdomsskule, idrettsanlegg, kulturhus, treningssenter m.m. ligg også i gangavstand.

Vestnes kommune ligg midt i fylket med kort avstand til Molde, Ålesund og Åndalsnes. Den nye Tresfjordbrua gjer kommunen enda meir attraktiv i bu i enn nokon gong.

Vestnes har eit flott fjordlandskap med gode vikår for friluftsliv. Ein variert natur gir gode føresetnader for ulike aktivitetar for alle. Vestnes kommune er kjent for eit veldig godt og aktivt idretts- og kulturmiljø. Kommunen er omkransa av vide skogar med idylliske sætrar og gamle skogsvegar, snaufjell og toppar med vidt utsyn.

Andre enheter til salgs i 2-mannsbustad Fagerbakken Vestnes

Bygg 1 leil. 1422120.3 4 590 000 kr
Bygg 1 leil. 2422120.3 4 590 000 kr