Hopp til hovedinnhold

Eksklusiv leilegheit med stor terrasse og panoramautsikt i Eidsvika - Tennfjord

Eidsvikstranda 60 6264 Tennfjord
1 LEDIG / 5 SELT ! Eksklusiv leilegheit med stor terrasse og panoramautsikt. Dette er siste moglegheit til å sikre seg ein fantasktisk bustad i eit roleg og naturskjønt område. Denne moderne og stilfulle 5-roms leilegheita kombinerer gjennomtenkt design med ei spektakulær plassering.
1 / 0

Enheter

1

Bruksareal (BRA)

Pris

5 690 000 kr

Boligtype

Leilighet

Eierform

Selveier

Om prosjektet

Den ledige leilegheita i bygg 3 har ei sjeldan flott utsikt, og ligg i eit roleg bustadområde med tilkomst via det allereie etablerte bustadfeltet. I bygg 1 og 2 er begge leilegheiter selt.

Her får du årstidene i all si prakt rett inn i stua, samtidig som du kan nyte gode dagar i ei lys, moderne og romsleg leilegheit. Store vindauge mot sør slik at utsikta kan nytast både frå kjøkken og stue.

Åpen stue og kjøkkenløsning med stor plass til spisestue

2-mannsbustadane har eit moderne uttrykk med ein stram arkitektur. Arkitekten har valgt å framheve det moderne uttrykket ved å bruke forskjellige materialar. Skiftet mellom bordkledning og fasadeplater er med på å skape liv i fasadane, og detaljar rundt vindauge, dører og inngangsparti gjer bustaden ekstra attraktiv.

Leilegheita har gode uteareal med stor terrasse over carport, og grøntareal på sida av bustaden og mot sør. Kvar leilegheit har eiga innkøyring frå nordsida, og kvar leilegheit har sin private parkeringsplass i tillegg til parkeringsplass i carport. Veg og parkeringsareal vert asfaltert i samband med ferdigstilling av prosjektet.

God planløysing der stue og kjøkken er utforma som delvis opent areal med god kontakt mellom romma. Utgang både frå stue og kjøkken til stor takterrasse som ligg over carport/sportsbod.

Leilegheita har bad i begge etasjar, eit soverom oppe, to nede og ei kjellerstue. Separat vaskerom i 1. etasje, og stor sportsbod i bakkant av carporten. Med soverom og bad i begge etasjar har bustaden ei funksjonell inndeling til dømes for dei som har ungdommar i hus.

I tillegg til dei nevnte kvalitetane vil ein få eit fint uteareal mot sør der ein kan bygge treplatting eller ha plenareal. Kvar leilegheit vil eige og disponere sin halvdel av tomtearealet.

Enheter til salgs i Eksklusiv leilegheit med stor terrasse og panoramautsikt i Eidsvika - Tennfjord

Bygg 3, Leil. 25 690 000 kr

Kontakt oss

Jofrid Hatlehol
Salgsleiar prosjekt

Om utbygger

Møre Hus AS

Møre Hus AS vart etablert i 1997 og er ein byggentreprenør som har hovudfokus på å byggje Systemhus på Sunnmøre. Selskapet har ein imponerande portefølje frå enkle og praktiske småhus/leilegheiter til storslåtte og detaljrike villaer.

Gå til forhandlersiden

Meld interesse

Din kontaktinformasjon

Din melding