Hopp til hovedinnhold
1 / 0

Nyoppført halvpart tomannsbolig med stor terrasse og attraktiv plassering i Eidsvikstranda - Tennfjord

Solstrandvegen 68, 6264, Tennfjord
Pris frakr 5 580 000

Prisantydning

Fra 5 580 000 kr

Totalpris

Fra 5 604 335 kr

Primærrom

118 m²

Bruksareal

123 m²

Soverom

3

Boligtype

Tomannsbolig

Eieform

Selveier
Jofrid Hatlehol
Prosjektet bygges av

Møre Hus AS

Møre Hus AS vart etablert i 1997 og er ein byggentreprenør som har hovudfokus på å byggje Systemhus på Sunnmøre. Selskapet har ein imponerande portefølje frå enkle og praktiske småhus/leilegheiter til storslåtte og detaljrike villaer.

Gå til forhandlersiden

No kan du finne draumebustaden din i Eidsvika i Tennfjord. Her skal vi bygge tre vertikaldelte 2-mannsbustader med moderne uttrykk på heilt unike tomter. Leilegheitene vil få ei sjeldan flott utsikt, og ligg i eit roleg bustadområde med tilkomst via det allereie etablerte bustadfeltet. Den første 2-mannsbustaden er no ferdig, og her er ei leilegheit selt og ei ledig.

Her får du årstidene i all si prakt rett inn i stua, samtidig som du kan nyte gode dagar i ei lys, moderne og romsleg leilegheit. Store vindauge mot sør slik at utsikta kan nytast både frå kjøkken og stue.

Åpen stue og kjøkkenløsning med stor plass til spisestue

2-mannsbustadane har eit moderne uttrykk med ein stram arkitektur. Arkitekten har valgt å framheve det moderne uttrykket ved å bruke forskjellige materialar. Skiftet mellom bordkledning og fasadeplater er med på å skape liv i fasadane, og detaljar rundt vindauge, dører og inngangsparti gjer bustaden ekstra attraktiv.

Leilegheitene har gode uteareal med stor terrasse over carport, og grøntareal på sida av bustaden og mot sør. Kvar leilegheit har eiga innkøyring frå nordsida, og kvar leilegheit har sin private parkeringsplass i tillegg til parkeringsplass i carport. Veg og parkeringsareal vert asfaltert i samband med ferdigstilling av prosjektet.

God planløysing der stue og kjøkken er utforma som delvis opent areal med god kontakt mellom romma. Utgang både frå stue og kjøkken til stor takterrasse som ligg over carport/sportsbod.

Leilegheitene har bad i begge etasjar, eit soverom oppe, to nede og ei kjellerstue. Separat vaskerom i 1. etasje, og stor sportsbod i bakkant av carporten. Med soverom og bad i begge etasjar har bustaden ei funksjonell inndeling til dømes for dei som har ungdommar i hus.

I tillegg til dei nevnte kvalitetane vil ein få eit fint uteareal mot sør der ein kan bygge treplatting eller ha plenareal. Kvar leilegheit vil eige og disponere sin halvdel av tomtearealet.