Hopp til hovedinnhold
1 / 0

Nihusbakken Skodje - Flotte 3-roms eierleilegheiter med nydelig utsikt

Nihusbakken , 6260, Skodje
Pris frakr 3 480 000

Prisantydning

Fra 3 480 000 kr

Totalpris

Fra 3 491 335 kr

Primærrom

82 m²

Bruksareal

86 m²

Soverom

2

Boligtype

Leilighet

Eieform

Selveier
Jofrid Hatlehol
Prosjektet bygges av

Møre Hus AS

Møre Hus AS vart etablert i 1997 og er ein byggentreprenør som har hovudfokus på å byggje Systemhus på Sunnmøre. Selskapet har ein imponerande portefølje frå enkle og praktiske småhus/leilegheiter til storslåtte og detaljrike villaer.

Gå til forhandlersiden

Kjempefine leilegheiter i 4-mannsbustad med ei sjeldan flott plassering i det nye bustadfeltet Nihusbakken. Lun og solrik plassering, og fantasktisk utsikt til fjord og fjell. Praktiske leilegheiter som inneheld stue/kjøkken, to soverom, entrè/gang, bod og bad/vaskerom.

Nihusbakken Skodje - Flotte 3-roms eierleilegheiter med nydelig utsikt

Det nye bustadfeltet Nihusbakken ligg i hjartet av Skodje med kort veg til sentrumsfunksjonane. Dette er ein av dei lunaste og mest solrike plassane på Skodje, og kan i tillegg by på ei fantastisk utsikt mot både fjord og fjell. Området ligg under fjellfoten der stien til Nihusen startar, og her er vi godt i gang med ei etterlengta utbygging der vi ønsker å skape eit godt bumiljø for alle.

Dei to første 4-mannsbustadane (bygg 7 og bygg 11) er ferdige, og alle leilegheitene er selde. Dei tre neste 4-mannsbustadene, bygg 8, 9 og 10 har kome langt i byggeprosessen, og i bygg 10 har vi to ferdigstilte leilegheiter for salg, og i bygg 9 er leilegheit nr. 4 snart ferdigstilt. Dette er praktiske leilegheiter som inneheld stue/kjøkken, to soverom, entrè/gang, bod og bad/vaskerom. Sjå oversikt lengre nede som viser kva for leilegheiter som er ledige.

Kvar leilegheit har ein parkeringsplass i carport, og separat sportsbod i carport. Nokre av leilegheitene i underetasjen har også ei ekstra utebod på nedsida av carporten. Leilegheitene har utgang frå stue til terrasse. Terrassane til leilegheitene i 1. etasje vert bygd med tredekke og rekkverk. Terrassedekket er tett, slik at leilegheitene i underetasjen får overbygg/tak over sin terrassedel. Delar av hage er eksklusivt areal for leilegheiter i underetasjen.