Hopp til hovedinnhold
1 / 0

Nihusbakken Skodje - Einebustader i rekke med panoramautsikt

Nihusbakken, 6260, Skodje
Pris fra4 990 000 kr

Prisantydning

Fra 4 990 000 kr

Totalpris

Fra 5 013 335 kr

Primærrom

101 m²

Bruksareal

113 m²

Soverom

3

Boligtype

Rekkehus

Eieform

Selveier
Jofrid Hatlehol
Prosjektet bygges av

Møre Hus AS

Møre Hus AS vart etablert i 1997 og er ein byggentreprenør som har hovudfokus på å byggje Systemhus på Sunnmøre. Selskapet har ein imponerande portefølje frå enkle og praktiske småhus/leilegheiter til storslåtte og detaljrike villaer.

Gå til forhandlersiden

Moderne og innhaldsrike einebustadar i rekke med ei sjeldan flott plassering i det nye bustadfeltet Nihusbakken. Bustadane har funkisstil med reine linjer, og har eit moderne uttrykk både i fasade og interiør. Lun og solrik plassering, og ei fantastisk utsikt mot fjord og fjell.

Koselig stue og kjøkken

Det nye bustadfeltet Nihusbakken ligg i hjartet av Skodje med kort veg til sentrumsfunksjonane. Dette er ein av dei lunaste og mest solrike plassane på Skodje, og kan i tillegg by på ei fantastisk utsikt mot både fjord og fjell. Området ligg under fjellfoten der stien til Nihusen startar, og her er vi no i full gang med ei etterlengta utbygging der vi ønsker å skape eit godt bumiljø for alle.

Bygginga av dei første einebustadane i rekke (bygg 3) er allereie godt i gang, og alle bustadane i dette bygget er selde. Men vi er no i gang med trearbeidet på dei to neste bygga (bygg 1 og bygg 2), og her er framleis ledige bustader.

Bustadane har tiltalande fasadar med moderne uttrykk, og er svært innhaldsrike med fokus på det praktiske. Her er carport/utebod mellom kvar bustad, og med denne løysinga får alle sin eigen private bustad utan å vere heilt vegg i vegg med naboen. Inngangspartiet ligg på nordsida i hovudetasjen, og ved sidan av inngangspartiet er det direkte innkøyring til carport. I bakkant av carport ligg ei sportsbod, og her er vidare gjennomgang til balkongen på sørsida av bustaden. Alle har sitt private hageareal på framsida, og privat parkeringsareal på baksida.

I hovudetasjen er det stor stue med kjøkkendel, eit stort soverom, hall/trapperom og WC. Utgang frå stue til sørvendt balkong. I underetasjen er her to soverom, bad, vaskerom, gang/trapperom og to innvendige boder. I tillegg kjem den store utvendige boda som ligg under carporten, og som har tilkomst både utanfrå og frå innvendig bod i u.etg. Her får du altså meir oppbevaringsplass enn vanleg ved denne type bustad. Bustaden har eit innvendig bruksareal på 113,3 m², og bruksareal inkl. carport og boder er 166,1 m².