Om prosjektet
Kjempefin moderne leilegheit med parkeringsplass i carport
I det nye bustadfeltet Vatnehagen 2 er den første av 4-mannsbustaden no ferdigstilt, 3 leilegheiter er selt og ei er ledig. Leilegheitene er sørvendte og har gode solforhold, og ligg usjenert til i eit allereie etablert og roleg bustadområde. Det er gangavstand til barnehage, daglegvarebutikk, kafe, treningssenter, småbåthavn m.m.
4-mannsbustaden har eit moderne uttrykk med ein stram arkitektur. Her er store homogene flater i same fargar og materialar, og mange av kvalitetane har arkitekten valt å heve fram ved å bruke fargar og materialar. Skråtaket gir bustaden eit uttrykk som er både moderne og tidlaust på same tid.
Leilegheitene inneheld stue/kjøkken, to soverom, gang, bad, innvendig bod og utebod. Alle leilegheiter har utgang frå stove/kjøkken til balkong eller markterrasse, og innsynet mellom naboane er skjerma av skiljeveggar mellom leilegheitene.
Kvar leilegheit har ein parkeringsplass i carport der ein kan plassere bilen i le for vèr og vind. I tillegg har kvar leilegheit ein parkeringsplass på gardsplass. Sportsbodene ligg på sida av bustaden tett opp til inngangspartiet til leilegheitene slik ein har enkel tilgang. Ferdig asfaltert veg og parkeringsareal er inkludert i leveransen.
Dette er ein bustad som kombinerer moderne funksjonalitet med stilige detaljar - ideell for både unge og godt vaksne som ønskjer ei komfortabel og praktisk leilegheit.

Fordelar ved kjøp av heilt ny leilegheit
Det er mange fordelar ved kjøp av ny leilegheit kontra det å kjøpe brukt, og berre tenk på den gode følelsen av å flytte inn i ei splitter ny leilegheit som ingen har budd i før.
- Alt er nytt, ikkje behov for oppussing på mange år
- Meir energieffektiv bustad, lave kostnader til oppvarming
- Lave kostnader til vedlikehald
- Moglegheit til å påverke utforming og innreiing
- Tidsriktig og praktisk bustad
- Eit sikrare kjøp, garantitid om feil oppstår
- Du slepp hektiske budrundar
- Du kan vurdere i fred og ro, og kjøpe til fast pris
- God tid til å førebu flytting
- Svært lave kjøpsomkostningar, berre omkostningar til tinglysing av skøyte på kr 11 335,-