Tømrar En Myklebust AS



Om oss
Om Tømrar En Myklebust AS
Vi er eit samansveisa team med fagarbeidarar, basar og lærlingar som trivst med å skape gode resultat – der vi saman leverer handverkstenester med høg kvalitet og stoltheit i faget.
Nybygg, rehabilitering og vedlikehald
Vi jobbar med alt frå nybygg og fritidsbustader til rehabilitering og vedlikehald. Kvart prosjekt er unikt, og vi legg vekt på tett oppfølging og gode løysingar tilpassa kunden sine behov.
Skreddarsydde løysingar
Vi likar også dei prosjekta der detaljane tel ekstra. Spesialtilpassa løysingar som plassbygde bokhyller, garderobar og anna innreiing er noko vi leverer. Dette gir bustaden eit personleg preg og utnyttar plassen på ein god måte.
Din lokale Systemhus-forhandlar
Som Systemhus-forhandlar leverer vi gjennomarbeidde bustader med fokus på kvalitet i alle ledd. Vi er opptekne av ryddige prosessar, godt samarbeid og eit sluttresultat vi kan vere stolte av.
For oss er det viktig å vere ein trygg og påliteleg samarbeidspartnar – frå første møte til ferdig bygg.
Tømrararbeid
Vi utfører alt innan tømrararbeid, frå mindre oppdrag til større byggeprosjekt. Med fokus på kvalitet, presisjon og godt handverk sørger vi for solide løysingar som varer. Enten det gjeld nybygg, rehabilitering eller spesialtilpassa innreiing, legg vi stoltheit i arbeidet vårt.
Kvalitet og godkjenningar
Vi legg stor vekt på kvalitet, fagkompetanse og seriøs drift, og våre godkjenningar gir kundane tryggleik gjennom heile byggeprosessen. I tillegg er vi medlem av Byggmesterforbundet.
Sertifiseringer





